Her er Tom Cruise i Loen

Skodespelarstjerna har truleg flydd paraglider i nordfjordbygda.

NORDFJORD: Tom Cruise blei observert i Loen tysdag. Foto: Roger Magne Oldeide / Fjordingen
NORDFJORD: Tom Cruise blei observert i Loen tysdag. Foto: Roger Magne Oldeide / Fjordingen

Skodespelarstjerna Tom Cruise blei observert i Loen i Nordfjord tysdag.

Fjordingen observerte Cruise i nærleiken av Hotel Alexandra. Der blei han frakta vekk i helikopter.

Truleg flydd paraglider

Ifølge avisa har skodespelaren truleg flydd i paraglider frå Hoven saman med ein annan person.

Ein video som avisa har publisert viser det som truleg er 61-åringen i lufta over Loen.

Sjef ved Hotel Alexandra, Richard Grov, vil ikkje kommentere saka overfor lokalavisa.

Ikkje første gong

Tom Cruise har vore på norsk jord fleire gongar tidlegare, i samband med fleire filminnspelingar.

I 2017 var han på Preikestolen for å spele inn ei scene til den sjette  «Mission: Impossible»-filmen.

I 2020 var Cruise i Møre og Romsdal i samband med innspeling av den sjuande filmen i serien. Då hoppa han med motorsykkel frå Helsetkopen på Hellesylt. Han tok i bruk heile åtte motorsyklar under innspelinga av scena.

I 2022 var han på Svalbard for å spele inn delar «Mission: Impossible» nummer åtte.