Drap Magne Sunde (42): – Alt skjedde veldig fort

STAVANGER (TV 2): Drapsmannen meiner han ikkje skal bli dømt for å ha drepe Magne Sunde (42). Blant grunnane er ein forsvunnen luftpistol.

FEM SKOT: Ein tidleg laurdagskveld 12. november 2022 får politiet melding om skot og personar som skal ha sprunge frå staden. Foto: Elias Håvarstein / Privat
FEM SKOT: Ein tidleg laurdagskveld 12. november 2022 får politiet melding om skot og personar som skal ha sprunge frå staden. Foto: Elias Håvarstein / Privat

Ein novemberkveld 2022 går det av fem skot i det som blir kalla «Squaren» i Stavanger. 

«Torturliknande skrik», seier ein nabo om det han høyrer. 

Drapsmannen, Stian, er søkk vekk. Han blir pågripen fire dagar seinare saman med to andre. 

No meiner Stian og forsvararen at han burde bli frifunnen.

«SQUAREN»: I denne bygarden på Vestre Platå i Stavanger var det omfattande politistyrkar helga Magne Sunde blei drepen. Foto: Elias Håvarstein / TV 2
«SQUAREN»: I denne bygarden på Vestre Platå i Stavanger var det omfattande politistyrkar helga Magne Sunde blei drepen. Foto: Elias Håvarstein / TV 2

TV 2 bruker berre fornamnet til Stian av omsyn til familie.

I tingretten blei han dømt til 13,5 år i fengsel, og varsla umiddelbart at han ville anke saka. 

– Sikta meiner dommen har mange, og til dels alvorlege feil, sa forsvararen då. 

No har saka gått for Gulating lagmannsrett i Stavanger.

Kan bli frifunne

– Dette handlar om drapet på Magne Sunde blei gjort i nødverje.

Slik innleiar forsvarar Svein Kjetil Svendsen sin prosedyre. 

Om dommarane finn at Stian handlar i det ein kallar nødverje, blir han frifunne og er ein fri mann. 

Statsadvokat Arvid Malde er klar på kva aktoratet meiner. 

PARTANE: Statsadvokat Arvid Malde og forsvarar Svein Kjetil Svendsen er ueinige om Stian drap i nødverje. Foto: Kristian Myhre / TV 2
PARTANE: Statsadvokat Arvid Malde og forsvarar Svein Kjetil Svendsen er ueinige om Stian drap i nødverje. Foto: Kristian Myhre / TV 2

– Påtalemakta meiner det er bevist at tiltalte er den som eine og aleine har skote og skada Magne Sunde og at han døydde av desse skadane, seier Malde og legg til: 

– Tiltalte har hatt fleire handlingsalternativ undervegs. Desse har han ikkje valt å nytte. 

Nødverje og sjølvtekt

§ 18. Nødverje

Ei handling som ellers ville vore straffbar, er lovleg når ho

a. blir føreteke for å avverje eit ulovlig angrep,

b. ikkje går lenger enn nødvendig, og

c. ikkje går openbart ut over kva som er forsvarleg under omsyn til kor farleg angrepet er, kva slags interesse angrepet krenker, og angriparens skuld.

Regelen i første ledd gjeld tilsvarande for den som iverkset ein lovlig pågriping eller søker å hindre at nokon unndrar seg varetektsfengsling eller gjennomføring av fridomsstraff.

Utøving av offentleg myndigheit kan berre møtast med nødverje når maktutøvinga er ulovlig, og den som gjennomfører han, opptrer forsettleg eller grovt uaktsomt.

§ 19. Sjølvtekt

Ei handling som ellers ville vore straffbar, er lovleg når den som har retten, handler for å gjenopprette ei ulovleg endra tilstand, og det ville vere urimelig å måtte vente på myndigheitenes bistand.

Makt mot ein person kan berre brukast når rettskrenkinga er openbar, og må ikkje gå lenger enn forsvarleg.

Kilde: Lovdata.no

Tok med pistol og gjekk opp trappa

12. oktober 2022 blir Stian ringd av ei kvinne som er redd for at ein felles venn av dei er i fare. 

Vennen skal vere fanga i si eiga leilegheit av ein annan mann, og det skal ha gått føre seg over lengre tid. 

Han tek med seg ein 32. kaliber pistol og saman køyrer dei to heim til den felles vennen deira. 

Kort tid etter er Magne Sunde (42) skoten, slått og drepen. 

TILTALT: Stian og forsvarar Svein Kjetil Svendsen på synfaring i leilegheita der drapet skjedde. Foto: Bjarte Fossfjell / TV 2
TILTALT: Stian og forsvarar Svein Kjetil Svendsen på synfaring i leilegheita der drapet skjedde. Foto: Bjarte Fossfjell / TV 2

Når dei to bankar på døra, skjer det ingenting. Kvinna som er med Stian startar å rope. 

Etter ei stund går det i døra, og vennen er i døropninga.

– Han var forfjamsa og likbleik. Eg spurde om det var nokon der oppe. Han tok fram telefonen og skreiv namnet på avdøde, sa tiltalte i tingretten. 

Det oppstår ein konfrontasjon i trappeoppgangen. I toppen av ei trapp står avdøde. 

Her meiner statsadvokat Malde det er sjølvsagt at Stian burde snudd. 

– Han går inn med et skarpladd våpen, ikledd hanskar. Når ein gjer det for å verne eigedomsretten er det verken nødvendig eller forsvarleg, seier han i retten. 

Oppe i leilegheita blir det fyrt av fem skot, og to av dei treff den avdøde Magne Sunde. Han blir i tillegg slått med eit brekkjern heile ti gonger. 

SYNFARING: Her er Stian inne i bustaden der Magne Sunde (42) blei drepen i november 2022. Foto: Bjarte Fossfjell / TV 2
SYNFARING: Her er Stian inne i bustaden der Magne Sunde (42) blei drepen i november 2022. Foto: Bjarte Fossfjell / TV 2

Stian sjølv har erkjent eitt slag, men ikkje dei andre. Noko påtalemakta meiner er beviseleg feil. 

– Det er rein teori, og noko lagmannsretten trygt kan sjå bort frå, seier Malde i sin prosedyre. 

Bruker frifinninga i Tengs-saka

Svein Kjetil Svendsen meiner i sin prosedyre at tiltalte hadde høve til å gå opp og inn i bustaden til vennen sin for å kasta ut avdøde. 

Han bruker mellom anna den nylege frifinnande dommen i Tengs-saka. 

I dommen slår Gulating lagmannsrett fast at all spekulasjon i ei sak skal vere til gunst for den tiltalte. 

– Eg meiner det er klart at nødverjeretten gjeld i samband med forsvar av eigedom, seier forsvararen.

BEVISBYRDE: Det er påtalemakta som har bevisbyrda. Utdraget er frå den frifinnande dommen i Tengs-saka i lagmannsretten. Foto: Skjermdump
BEVISBYRDE: Det er påtalemakta som har bevisbyrda. Utdraget er frå den frifinnande dommen i Tengs-saka i lagmannsretten. Foto: Skjermdump

Svendsen argumenterer både for at kriteria for nødverje allereie er oppfylte så lenge den avdøde var i leilegheita til nokon andre, og for at retten ikkje kan utelukke at Stian har blitt angripen inne i bustaden. 

– Samla sett blir det anført at det ikkje finst tekniske bevis som gjer ein kan sjå bort frå tiltalte si forklaring om at han blir angripe inne i bustaden, seier Svendsen i sin prosedyre. 

Det er nemleg forklart at avdøde heldt ein luftpistol i handa som han skal ha sikta mot tiltalte, som sjølv heldt ein lada pistol. 

Denne pistolen er aldri funnen, men finst i fleire vitneforklaringar. I tillegg skal det ha blitt tatt med ein bag frå bustaden etter skyteepisoden. 

Svendsen seier derfor ein ikkje kan utelukke at slaga Stian nektar for kan ha skjedd etter Stian var ute av bustaden. 

BISTANDSADVOKAT: Arvid Sjødin er bistandsadvokat for mor til avdøde, og har lagt ned påstand om oppreisning. Foto: Kristian Myhre / TV 2
BISTANDSADVOKAT: Arvid Sjødin er bistandsadvokat for mor til avdøde, og har lagt ned påstand om oppreisning. Foto: Kristian Myhre / TV 2

Gråt i retten

Dei etterlatne er til stades i retten med kvar sin bistandsadvokat. Begge er synleg prega i rettssalen. 

Då mor til avdøde skulle nytte sitt høve til å kommentere før rettssaka var over, var ho svært opprørt.

– Dei snur om det, han var ikkje sånn vitna her seier, startar ho. 

DREPEN: Magne Sunde (42). Foto: Privat
DREPEN: Magne Sunde (42). Foto: Privat

Mora har reagert kraftig på bildet som blir teikna i retten av den avdøde sonen. Undervegs i kommentar blir det for sterkt for ho, og dommaren ber retten ta fem minutt. 

– Magne får ikkje forklart seg og kan ikkje fortelje nokonting, seier mora. 

Bistandsadvokatane har tidlegare sagt dei meiner drapet var «ei avretting».

Sjølv ville den tiltalte å seie unnskyld til dei etterlatne. 

– Eg vil gje mi djupaste medkjensle for dei etterlatne, men akkurat der og då skjedde alt veldig fort. Det skulle sjølvsagt ikkje skjedd på den måten det gjorde. Eg beklagar på det sterkaste, seier Stian.