«Parasitt-kokain» avslørt:

Dårleg magekjensle førte til historisk kokainbeslag

Tollbetjent fortel for første gang om korleis det var å avsløre rekordbeslaget. – Eg kjem aldri til å gløyme den telefonen.

KVA SKULLE HAN?: Tollbetjentane i Larvik reagerte på dykkarutstyr og tynn forklaring. Foto: Politiet
KVA SKULLE HAN?: Tollbetjentane i Larvik reagerte på dykkarutstyr og tynn forklaring. Foto: Politiet

Det er det største kokainbeslaget på Vestlandet nokon gong. Og første gong «parasitt-smugling» er avdekka i Norge.

Natt til 13. april i fjor vart seks albanarar så å seie tatt på fersken etter å ha henta i land 150 kilo kokain i fjøresteinane på Husnes i Sunnhordland.

Den store og koordinerte aksjonen mellom politi, tolletaten og Kystvakta, var ikkje resultatet av vekevis med spaning og hemmelege tips på tvers av landegrenser.

Denne aksjonen starta berre to og ein halv dag før. Med ei dårleg magekjensle hjå ein tollbetjent i Larvik.

– Vi følte liksom at vi ikkje hadde fått heile sanninga, skriv tollbetjenten i eit e-post-intervju med TV 2.

Skilde seg ut frå påsketrafikken

Det er første gong vedkommande gir intervju i den oppsiktsvekkande saka. 

På grunn av tollbetjenten si rolle og saka sitt store omfang, får personen vera anonym.

Den siste dagen i påska i fjor, køyrde ein tyskregistrert BMW av Superspeed-ferja som hadde kome frå Danmark. 

Bilen skilde seg ut frå dei andre familiebilane som var på veg heim frå påskeferie. Tollaren i Larvik plukka difor bilen ut til kontroll.

– Personen i bilen viste fram eit bulgarsk pass, men fortalde seinare at han opphavleg var frå Albania. Han sa han skulle levere varer på Gardermoen. Eg følte ikkje historia var heilt komplett og bilen blei difor tatt med til kontroll, fortel tollaren.

UNDERVASS-SCOOTER: To slike hadde mannen med seg i bilen då han kom til Larvik. Foto: Politiet
UNDERVASS-SCOOTER: To slike hadde mannen med seg i bilen då han kom til Larvik. Foto: Politiet

Avansert dykkarutstyr

Kokainet som vart tatt på Husnes var festa i fire sekkar på utsida av skroget på eit lasteskip (derav kallenamnet «parasitt»). Det hadde kome heile vegen frå Brasil. 

Ein 46 år gamal mann skal ha brukt undervass-scooter for å dykke ned og hente stoffet. Denne metoden er kjent for Tolletaten på grunn av andre store beslag i Europa. 

PARASITTSMUGLING: Kokainet var festa under sjølinja på lasteskipet. Her sjekkar dykkarar spor etter kor kokainet var på skroget. Foto: Tolletaten
PARASITTSMUGLING: Kokainet var festa under sjølinja på lasteskipet. Her sjekkar dykkarar spor etter kor kokainet var på skroget. Foto: Tolletaten

Difor reagerer tollaren i Larvik når kontrollen avdekkjer at bilen er full i avansert dykkarutstyr, mellom anna to undervass-scooterar.

Dette seier altså mannen at han skal levere til nokon på Gardermoen. Ein anna tollbetjent lanserer tanken om at formålet med utstyret kan vera at det skal hentast noko frå eit fartøy.

– Vi sat igjen med ei veldig dårleg magekjensle på det heile. Vi tok derfor avgjerda om å ringe operasjonssentralen vår for ønske om bistand med tanke på spaning, fortel tollbetjenten. 

Sette kursen vestover

Spaning starta. 

Og ganske riktig køyrde den albanske mannen til Gardermoen. Der møtte han fleire personar og dykkarutstyret vart lempa over i to leigebilar.

Sjølv køyrde han ut direkte ut av landet over svenskegrensa like før midnatt. Dagen etter sette dei to leigebilane kursen vestover.

Tolletaten sjekka kva anna som var på veg mot Vestlandet. Mellom anna var eit lasteskip på veg til Husnes, direkte frå ei risikohamn i Brasil.

UNDER SJØLINJA: Kokainet var festa under sjølinja på «Nordloire» som kom til Husnes i april i fjor. Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen
UNDER SJØLINJA: Kokainet var festa under sjølinja på «Nordloire» som kom til Husnes i april i fjor. Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

– Full klaff

Lang historie kort; politiet spana på personane frå dei innlosjerte seg i ein Airbnb-bustad og fram til dei natt til 13. april rota med noko i fjøresteinane litt nord for kaien der lasteskipet låg.

Det var full klaff. Politiet stogga like etter ein bil som hadde 150 kilo kokain i seg.

FULL: Den kvite Audien var full i kokain då politiet stogga den mellom Husnes og Dimmelsvik i Sunnhordland. Foto: Politiet
FULL: Den kvite Audien var full i kokain då politiet stogga den mellom Husnes og Dimmelsvik i Sunnhordland. Foto: Politiet

– Eg kjem aldri til å gløyme den nattevakta då operasjonssentralen ringde og fortalde at seks personar var tatt på grunn av nettopp den bilen vi hadde stogga på kaien, seier tollbetjenten i Larvik til TV 2.

Vedkommande var då på eit fartøy for ein anna kontroll.

– Eg kunne nesten ikkje gått av den båten fortare for å fortelje kollegaene min kva varslinga vår hadde ført til.

NOK: 150 kilo kokain vart beslaglagd på Husnes i Sunnhordland. Det tilsvarar fleire millionar brukardosar. Foto: Politiet
NOK: 150 kilo kokain vart beslaglagd på Husnes i Sunnhordland. Det tilsvarar fleire millionar brukardosar. Foto: Politiet

Føler seg trygg

Denne veka starta rettssaka etter aksjonen i Hordaland tingrett i Bergen.

Fire menn og ei kvinne, alle altså frå Albania, er tiltalt for å ha henta kokainet. Den sjette personen som vart arrestert på Husnes, døydde i varetekt i fengsel i fjor.

Dette er dei tiltalte i Husnes-saka

Mann (46): Dykkaren

Nektar straffskuld

Skal ha henta stoffet under sjølinja på lasteskipet «Nordloire». Førte det i land ca 1 km nord for kaien ved hjelp av undervass-scooter, ifølge tiltalen. Vart arrestert nokre kilometer lenger nord igjen. Då hadde han på seg eit klesplagg som er vanleg å ha under tørrdrakta, var utan sko og bilen var full i dykkarutstyr. Forsvarar: Ole Petter Drevland.

Kvinne (33): Sjåfør, innkjøp og tolk

Nektar straffskuld

Skal ha vore med på å planlegge aksjonen, kjøpt dykkarutstyr i Bergen og fungert som tolk. Skal også ha handtert dykkarutstyret før dykket og køyrd den 46 år gamle dykkaren i bil til og frå staden der stoffet vart henta opp. Arrestert saman med 46-åringen, ho køyrde bilen. Forsvarar: Fredrik Schøne Brodwall.

Mann (26): Sjåfør for narkotikaen

Erkjenner delvis straffskuld

Skal ha vore med på planlegging av aksjonen og ved å ta imot stoffet i vasskanten. Så skal han ha lagt det i bilen som han køyrde aleine. Også arrestert saman med dei to andre over. Har sagt at han trudde han skulle hente hasj. Var den første som vart pågripen.Forsvarar: Sara Ler Christensen.

Mann (27): Frakt av utstyr

Nektar straffskuld

Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert ved eit naust ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Kai Inge Gavle

Mann (30): Frakt av utstyr

Erkjenner straffskuld

Tiltalt for det same som mannen over. Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert saman med 27-åringen ved naustet ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Alexander Gonzalo Sele.

Dei to siste mennene vart arrestert saman med ein sjette sikta person i saka. Vedkommande køyrde også bil og skulle ifølge TV 2 sine opplysingar plukke opp 27-åringen og 30-åringen ved naustet etter at stoffet var kome i land. Mannen døydde i fengsel i fjor og saken mot han er difor lagt vekk.

Tre nektar straffskuld, mellom anna dykkaren som skal ha henta kokainet. 

Ein erkjenner straffskuld fullt og heilt, medan den siste erkjenner delvis straffskuld. Han trudde det var hasj han henta.

Nokre av dei har fortald om tvang og press til å gjennomføre kokainsmuglinga. I politiet si trusselvurdering for 2024 er det særleg albanske, litauiske og marokkanske narkonettverk som blir løfta fram.

– Eg kjenner meg ikkje noko meir truga eller utsett enn etter andre typar kontrollar. Eg var ikkje aleine om å ta beslaget og vi er alltid eit team som samarbeider. Dette er jo jobben vår, seier tollbetjenten.

– Dette har vore ein av dei mest spanande beslaga vi har vore med på. Mange bidrog og alt viste seg å «klaffe».