«Vi må få pant på plastposer og emballasje»

Det eg foreslår her er ikkje radikalt, det har blitt gjort før med flaskene.

PANT: Kan motivere forbrukere til resirkulering. Foto: Robert Reinlund / TV 2
PANT: Kan motivere forbrukere til resirkulering. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Om eg drikker ein brus i dag, so får eg penger når eg leverar flaska tilbake. Panteordninga starta i følge Infinitum her i Norge i 1902, etter det har resten av verda fulgt etter. Dette viser at verda følger med på oss, og vi kan gå foran som et godt eksempel! Eg foreslår derfor å utvide panteordninga til å også gjelde plastposar og plastembalasje. 

I dag havnar nemlig altfor mykje plast i havet. Det vert anslått at det havnar mellom 9 og 14 millionar tonn plast i havet årleg. Mykje av det vi finn i havet kjem frå oss privatpersonar. I 2022 vart det kjøpt heile 722 millionar plastposar i følge Handelens miljøfond, men kun en fjerdedel av plastposar vert gjennvunne i året. Eg trur ditta talet hadde økt veldig om det hadde lønt seg å resirkulere plastposane, kanskje vi til og med nådd målet om 55 prosent gjennvinning innen 2030. Ingen kastar jo penger.

Plast i havet er ei av dei sakane barn er mest opptatt av. Det merkar vi i Barnas klimapanel kvart år når vi skriv Barnas klimarapport, som handlar om barn og unges forhald til klima og miljø. 7 av 10 barn og unge forteller at de er bekymra for plastforsøpling i naturen. Vi kan hugse tilbake til kvalen som vart funne utanfor Sotra i 2019 med magen full av plast, den fekk seinare navnet plastkvalen, og er langt ifrå det einaste dyret som har blitt kvelt av plast. Det er med andre ord ikkje rart at vi bekymrar oss. Dette problemet må bli tatt på alvor. Vi treng handling. 

MAGEN FULL: Plasten du ser til høyre er bare noen av posene som fylte magen til gåsenebb-hvalen, som kom i land utenfor Bergen i 2017. Bildene gikk verden rundt. Foto: Terje Lislevand / Christoph Noever / Universitetet i Bergen
MAGEN FULL: Plasten du ser til høyre er bare noen av posene som fylte magen til gåsenebb-hvalen, som kom i land utenfor Bergen i 2017. Bildene gikk verden rundt. Foto: Terje Lislevand / Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Det eg foreslår her er ikkje radikalt, det har blitt gjort før med flaskene, og no er det på tide at vi gjer det med plastposar og plastembalasje også. 

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Eg trur pant på plastposar og plastembalasje vil motivere folk til å resirkulere, men da må alle plastposar vere resirkulerbare. Dersom vi resirkulerer plasten, treng vi ikkje å lage so mykje meir plast, og dermed brukar vi ikkje so mykje olje på det, og det er bra for klimaet. Vi sparar med andre ord både klimaet, naturen og dyra. 

Eg inviterar derfor klima- og miljøvernministeren med på eit møte om å få til dette. For vi treng handling!